Vis større kart

Støttesponsorar:


Påmelding Skuggenatten Opp 2017
Påmelding til Skuggenatten Opp 2017: HER

Startliste 2017: HER

[LES MEIR]


Skuggenatten Opp 2016 - RESULTAT
Skuggenatten Opp 2016 blei eit vellukka arrangement i strålande ver.
Klikk her for resultat og omtale: RESULTAT 2016

Sjå elles Facebooksida til Skuggenatten Opp, for fleire bilete og stoff, stadig vekk oppdatert.

[LES MEIR]


Kontaktinfo Skuggenatten Opp
Arrangementsleiar og pressekontakt: Olav Nilsen, tlf 4155 8738.

Arrangør: Treungen IL, org.nr 937 89 3566.

E-post:
kontakt@skuggenattenopp.no (kopier adressa og lim inn i e-postleser)

[LES MEIR]


FAKTA, VINNARAR OG STATISTIKK SKUGGENATTEN OPP 2010-2015
Arrangert første gong: 2010
Løypelengde: 4,3 km
Høgdemeter stigning: 456
Løypeunderlag: Ca 65 % svaberg, 20 % skogssti, 15 % grusveg
Start ved 250 moh, mål ved 706 moh
Arrangør: Treungen Idrettslag

[LES MEIR]


Trimklasse-info
Trimklassa er fundamentet i eitkvart motbakkearrangement. Vi blir glade for å sjå så mange folk som tar turen til topps. Startnummeret er lodd i trekking av mange fine premiar.

[LES MEIR]


Praktisk info konkurranseklassa 2016
Dette må ALLE i konkurranseklassa lese.

[LES MEIR]


Her er løypa
Her ser du heile løypa, og kvar i bygda startområdet ligg. Les detaljert skildring av løypetraseen her:

[LES MEIR]


Premiering konkurranseklassa 2016
30.000,- i pengepremiar, klassepremiering, medalje til alle, samt trekningspremiar.

[LES MEIR]


Her er oversiktskart over startområdet
Her ser du kvar dei ulike tinga ligg i startområdet.

[LES MEIR]


Alle kan vere med i konkurranseklassa!
Vi håpar mange fleire melder seg på i konkurranseklassa. Det er låg terskel for å vere med på dette, og så får du målt tida di skikkeleg, som du kan trene mot til neste år. Det er mange i bygda som trener opp Skuggenatten, men som kanhende kvier seg for å delta i konkurranseklassa. Ikkje noko å vere redd for! Du låper eller går opp i DITT tempo, så raskt du klarer. Alle som kjem til topps er vinnarar uansett!

[LES MEIR]


Mediedekning 2015 NM
Varden

[LES MEIR]


Bare Weng på pallen og fleire rekordar i Skuggenatten Opp
Heidi Weng sette ny løyperekord dei 4,3 kilometrane og 456 høgdemetrane i motbakkeløpet Skuggenatten Opp, med tida 26,37. Tomas Bereket vann herreklassa på 22.53. Ny deltakarrekord i konkurranseklassa, 187 startande, ny rekord i trimklassa, 250 personar som gjekk til topps og forsvarte slagordet til arrangementet: ´Folkefest i heiaª. Og til neste år går det fyrste NM i motbakkeløp på Austlandet i Treungen. For fleire bilete (og mange fleire etterkvart): Sjå facebooksida til Treungen Idrettslag.

[LES MEIR]


Heidi Weng og Tomas Bereket vant Skuggenatten Opp 2013
Heidi Weng sette ny låyperekord for damer med 27.19. Tomas Bereket er framleis Kongen av Skuggenatten. Ny rekord i antal konkurransedeltakarar - 170! Her er totalresultata frå 2013. Klassevis: Sjå lenger ned på sida.

[LES MEIR]


Ny Facebook-side
Bli med på Skuggenatten Opp sin nye Facebook-gruppe. Det er bare å like sida, så får du siste nytt og anna info. Klikk HER

[LES MEIR]


Resultat Skuggenatten Opp 2015 - klassevis
Så mange fantastiske resultat! Vi gratulerer kvar og ein med innsatsen, og satsar på strålande sol neste år - vel møtt til Skuggenatten Opp 2016 - omtrent på denne tida. Hugs å bli medlem av Skuggenatten Opp-gruppa på Facebook - det er der alle bileta vil bli publisert.

[LES MEIR]


Resultat Skuggenatten Opp 2015 - totalt
Her er kvinner og menn totalt. Klassevis: Anna sak. (Dette er ikkje NM-lista, fordi ikkje alle i motbakkeløpet er med i Noregsmeisterskapen. Rein NM-liste kjem etterkvert.).

[LES MEIR]


Resultat Skuggenatten Opp 2014
187 startande er ny rekord i det femte Skuggenatten Opp. Med 250 i trimklassa, også ny rekord, og 20 fra arrangørane, var det altså over 450 personar på Skuggenatten (706 moh) denne dagen. Her kjem resultata. Først hovudlista samla totalt for kvinner og menn. Klassevis finn du lenger ned.

[LES MEIR]


Resultat Skuggenatten Opp 2013
Resultat Skuggenatten Opp 2013
Tre beste damer:
1.Heidi Weng, IL BUL, 27:19 - ny løyperekord
2 Kirsten Marathon Melkevik, IL Gular, 28:14
3 Merete Weng, IL BUL, 29:52

Tre beste menn:
1 Tomas Bereket, Sportsklubben Vidar, 24:07
2 Torstein Tengsareid, Egersund IK Friidrett, 24:15
3 Johan Bugge, Eidsvåg IL, 24:40

Vi synast det er spesielt hyggeleg med så stor deltaking i ungdomsklassene. Mange imponerande resultat!

[LES MEIR]


Resultat Skuggenatten Opp 2012
Tida 22.18 frå idrettsbanen i Treungen og opp til Skuggenatten Opp er heilt utruleg på 4,3 km med 456 høgdemeter, og er kanhende ein rekord som vil stå til evig tid. Tomas Bereket feide all tvil til side. Det gjorde også May Britt Buer, som knuste Brita Mustad sin rekord. Ho sprang på 27.33. Her kjem alle resultata - klassevis nederst.

[LES MEIR]


Resultat Skuggenatten Opp 2011
Nye rekordar i Skuggenatten Opp 2011
Thomas Bereket frå Larvik sette ein fantastisk rekord med 24.04 (stakk av med alle pengepremiane i herreklassa, vinnar, rekord og spurt), og Brita Cecilie Mustad (fjorårsvinnar) blei fyrste kvinne under 30 minutt. 110 løparar og 160 deltakarar i turklassa, flott ver og alt teknisk gjekk greit, så arrangementet er absolutt vellukka! Utruleg spennande med så mange ungdomar som løper på så gode tider. Nissedalsmeisterar blei ÿystein Leirvik og Tori Tveit. Dette er eit verdifullt bidrag til folkehelsa, for no er det endå fleire som skal trene til neste år! Takk til alle som deltok, og stor takk til dugnadsgjengen i Treungen Idrettslag. Følg med på denne sida for mange bilete og video etterkvart! Her kjem resultatlista for Skuggenatten Opp 2011:

[LES MEIR]


Resultat Skuggenatten Opp 2010
Suksess for det fyrste arrangementet!

Om lag 100 turgåarar sto på toppen og heia fram dei om lag 70 deltakarane i Skuggenatten Opp 5. juni 2010. Det var strålande sol, godt nøgde deltakarar og eit vellukka arrangement. Arrangementsleiar Olav Nilsen lover nytt arrangement på same tid i 2010! Jann Olav Tjønneland og Brita Cecilie Mustad frå Norcem BIL blei kvar 5.000 kroner rikare etter å vunne herre- og dameklasse. Her er resultatlista:

[LES MEIR]


Vest-Telemark Blad juni 2011
Her er Vest-Telemark Blad sin reportasje etter Skuggenatten Opp 2011.

[LES MEIR] [LAST NED DOKUMENT]



Sjå film frå 2015!

HOVUDSPONSOR:

Samarbeidspartnar:


Sponsorar: